Er dette den største laksen som er tatt i elva? Laks på 17 kg tatt for ca. 55 år sidan.

I går blei det meldt inn ein kjempefangst i Uskedalselva. Klemmentina Zukovaite som har vore ein ivrig gjest der dei siste åra, og som har fått fleire storfiskar, landa ein laks på heile 13 kg. Ho fekk fisken på Haugland, og agnet var makk. Klemmentina har også fått fleire store fiskar tidlegare i år, og to dagar tidlegare fekk ho ein laks på 6,5 kg.
Ein annan som fekk storfisk i helga er Khwan Chaihong. Han fekk ein rugg på 8,3 kg, og dermed er han nummer to på lista over største fiskar i år. Også han fekk den på makk på Haugland. I fjor fekk Khwan Chaihong den neststørste fisken heile sesongen, – ein laks på 5,1 kg. I år har han også fått ein laks på 6,4 kg.
Det har vore teke mykje stor fisk i Uskedalselva i år. Til no er det landa 13 laksar på over 6 kg dei knappe 3 vekene fisket har vore ope. Til saman er det registrert 321,3 kg laks og 55,6 kg sjøaure. Største sjøauren er fiska av Ståle Eik på Kjærland. Den var 2,9 kg.

Til slutt eit spørsmål til lesarane: Kan nokon hjelpa oss med svar på spørsmålet om laksen til Klemmentina Zukovaite er den største som nokon gong er fiska på stong i Uskedalselva?

Svaret kom kjapt. Jone Rørheim Kjærland fekk ein laks på 13,6 kg i 2017. Mange takk for kjapp respons Svein Ottar Rørheim.

Tor Øystein Myklebust kan oppdatera ytterlegare. Han viser til ein artikkel på uskedalen.no i mai 2008 som fortel at Knut Anker Bringedal tok den største fisken i Uskedalselva for ca. 55 år sidan. Den blei teken nedanfor Berglund på Kjerlandssio. Det står ikkje noko om kva reiskap han fekk den på. Takkar for responsen.

Knut Bringedal viser fram laksen som far hans Knut Anker Bringedal fekk for ca 55 år sidan.
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Privat foto frå laksebørsen/elveguiden og frå arkivet