Det var rekorddeltaking på skogdagen på Døssland/Fet i går. Det var registrert frammøte frå heile Kvinnherad. Mange skogeigarar med tankar om hogst fekk god informasjon om skogpleie, hogst, marknad, prisar og tilskot. Det var mellom anna representasjon frå kommune, skoglag, Statsforvaltar, entreprenørar og fagorganisasjonar. Sju grunneigarar på Døssland og Fet utgjer Englafjell Veglag. Hovudentreprenør er AT skog. Dei leiger inn underentreprenørar til vegbygging, hogstuttak og transport. Br. Musland Maskin har bygd den 1,6 km lange vegen. Frivik Taubanedrift står for hogst, taubanedrift og uttransport. Frivik frå Kyrkjebø i Høyanger kommune driv stort frå Agder i sør til Namsos i nord. Taubanedrifta i Uskedalen er den største som nokon gong har vore i landet.

Nokre av grunneigarane i Englafjell Veglag. F.v: Frode Stensletten, Trond Olsen, Torgeir Feet, Kjell Arne, Trond Johannes og Kåre Johan Myklebust. ( Di tre siste utgjer eit bruk ) To grunneigarar var ikkje med då bilete vart teke.

Frivik Taubanedrift er ei familiebedrift. I tillegg til taubane driv dei gardsbruk heime i Frivik med kyr og mjøkeproduksjon. I samtale med uskedalen.no fortel Torbjørn Frivik at dei starta for alvor i 2003 med ein maskin. Det auka på år for år. På det meste har dei 18 mann i arbeid fordelte på fire maskinar. Kvart lag tel 3 mann, ein feller, ein stroppar og ein tek av, kvistar og kappar. I Uskedalen leiger dei inn to mann lokalt. Løpekatten veg eit tonn og har stor kapasitet med uttak over lange strekk.

Frivik Taubanedrift driv stort med taubanedrift. Torbjørn Frivik ( t.v. ) er driftsansvarleg.

All uttransport går over Børneset Tømmerkai med vidare utskiping til Granvin, Skogn eller Tyskland. Etter at ein tok bort ulike krav til kvalitet, er det langt enklare å driva uttak. Prisen er god og eigar sit att med god forteneste, sjølv med taubanedrift. Staten yter tilskot til vegbygging, hogst, skogspleie og planting på nytt.

Ein mann sit i maskinen som kvistar, kappar og legg i stablar før uttransport med semi.

Meir om skogsdrifta i Uskedalen kjem i eigne innlegg.

Løpekatten med høg hastihet veg 1 tonn og har stor kapasitet ved uttak.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal