Konsert- og friluftskvelden på Stemneplassen samla mykje folk. På hesteskokastinga var det heile 32 deltakarar. Alle fekk eit prøvekast og alla kasta med same avstand. Bjørgulv Eik hadde regien og Knut Steinsletten og Thor Inge Døssland var medhjelparar. Anna Hermann Fossli gjekk av med sigerern. LIke bak kom Nora Tungesvik. Eldbjørg Myklebust fekk ein god 3. plass. Vidare på lista finn vi Chris Fossli, Lars Myklebust og Ståle Eik. Meir frå den vellukka kvelden på Stemneplassen kjem i eigne innlegg. Bilete syner vinnarane. F.v: Anna Hermann Fossli, Nora Tungesvik og Eldbjørg Myklebust.





Heile 32 deltakarar i alle aldrar var med på hesteskokastinga.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal