Landskyttarstemne 2023 er lagt til Voss i veka 28. juli til 4. august. Med kort reiseveg er det rekorddeltaking frå Kvinnherad med heile 45 påmelde. Av dei finn vi fire skyttarar frå Uskedalen. Les kven det er og i kva klasse dei skyt:

  • Klara Bakke i klassen NV – kvinner
  • Hanne Bakke Berntsen i klasse NV – kvinner
  • Jan Arnold Berntsen i klassen NV – menn
  • Johannes Kaldestad Feet i klassen KIK – menn

Av dette ser vi at familien Bakke Berntsen er godt representert med mor ( Klara ), far ( Jan Arnold ) og dotter Hanne. Johannes Kaldestad Feet har slektstradisjonar når det gjeld skyting. Far Torger har vore ein aktiv skyttar og hjortejeger over lang tid.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Landsskyttarstemnet - Voss 23