Reiselivsmannen Jan H. Sunde var på Island torsdag. Nådde Festidalen fredag og er frivillig begge dagane.
Jan H. Sunde er ein gjengangar som frivillig på Festidalen. Han er ofte på reise, men prøver å tilpassa oppdraga slik at han når fram til Uskedalen i festivalhelga. I år var han på reise på Island. Han var i Reykjavik torsdag kveld, kom til Gardemoen og køyrde over fjellet til Bergen på natta. Var framme kl. 06.00. Jan tok Rødneruta til Rosendal kl. 08.50 og rakk fram for å vera frivillig både fredagen og laurdagen. Bilete er henta frå resepsjonen på Olden Fjordhotell der Jan til tider er med på sumardrifta.
Tekst: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal