I samarbeid mellom Uskedal Båtlag og soknerådet er der utført arbeid med å rusta opp gangvegen frå båthamna til bårehuset. Haugland Maskin ved Stian Haugland har utført jobben. Med åra har det vakse torv inn i gangvegen. Grøntorva er fjerna og vegen er grusa. Gangvegen er ein del av den gamle kyrkjevegen frå Neset til kyrkja. Jørn Haukanes, Martin Eikeland Haukanes og Albert Haugland var med og svinga rivene og køyrde trillebårene.

Haugland Maskin utførte arbeidet med opprustning av gangvegen frå båthamna til bårehuset.

Skorpefolket hadde kyrkjevegen sin her. Dei kom med færingane sine og lenda i ein liten hop på Neset der Gunvor Myklebust er grunneigar i dag. Traseen gjekk gjennom det som er hagen til Åse Neset og vidare mot Stølavikjo der turvegen går. Som del av 100 års høgtida til Uskedal kyrkje i 2014 vart det skipa til ein kyrkjesundag slik det var for 100 år sida. Då vart den gamle kyrkjevegen brukt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland