Maren og Arne Martin Guddal Husby flyttar frå Bergen til Uskedalen. Dei har funne den beste plassen for økologisk hudpleieproduksjon og sal i lokala til T&M holding, i same bygget der du finn Zjakk frisør. No er det innflytting og klargjering av lokalet. Maren og Arne Martin driv nettbutikk. Dei sel og sender handlaga hudpleieprodukt over heile landet. Det var Una Kolle som starta verksemda og dreiv fram til 2021, då Maren og Arne Martin overtok drifta.

Hudprodukt står klar på tralla for sending til dei som har tinga. Rmmeverkstaden er snart klar. for montering.

Baron Studio er eigentleg to bransjar, nemleg hudpleieproduksjon og rammeverkstad. Begge desse tenestetilboda vert å finna i Uskedalen. Mange kundar spør etter innramming, noko som har vore fråverande i Kvinnherad dei siste åra. Arne Martin har drive mykje med innramming, også for Gøril Guddal.

Maren fortel til uskedalen.no at ho produserer og sel økologisk. Produkta er for det meste såpe, shampo, salvar og krem. Råstoffa er fettstoff og olje, økologisk dyrka. Ho har ein god kundekrets. Du finn meir på nettsida reinhudpleie.com. Her kan du leggja inn tinging og så kan du henta produkta i butikken i Uskedalen. Fram til butikken er oppe kan det gjerast etter avtale.

Maren presiserer at Rein hudpleie har produkt på markedet som er bra for miljøet og vennleg for huda. Produkta deira er for alle, store og små og for begge kjønn.

Familien Guddal Husby har funne ei mellombels buform. Dei vil slå seg ned i bygda og spør om nokon har hus til leige. Uskedalen er ei sentral bygd i Kvinnherad. Sentrum er tiltalande og triveleg, ein viktig faktor for etablering. Dersom du har eller veit om eit hus for utleige, ta kontakt på telefon: 932 54 466.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal