Redaksjonsnemnda i historielaget etterlyser eldre bilete.
Det nyskipa Uskedal Historielag er alt i godt i gang med arbeidet sitt. På skipingsmøtet blei det også valt ei redaksjonsnemnd. Dersom alt klaffar, håpar nemnda på at dei skal ha eit hefte med interessant lokalhistorisk stoff klart til salg 1.november. Det er meininga at dette første heftet skal bli fulgt opp med jamnlege utgjevingar med Uskedalshistorie. For at nemnda skal nå dette målet, er det det først og fremst økonomien for eit nystarta lag som kan bli utfordringa.
I eit slikt hefte blir bildestoffet viktig, og nemnda oppfordrar derfor alle som har eldre bilde som kan vera av interesse, om å ta kontakt.
Det er svært mykje interessant stoff å ta av, og nemnda har alt fått inn både artiklar og bildestoff som vil få sin plass i heftet. Stoffet som er ferdig skrive eller under arbeid, omfattar ulike interessanne tema:
- Minne frå evakueringa under krigshandlingane i Uskedalen i april 1940.
- Dei tre bakeria(Sætre, Odden på Neset og Hansen/Vikjo)
- Det aktive handballaget i etterkrigsåra.
- Gutteklubben Gordon
- Fotballhistorie 1950-talet
- Første firhjulstraktoren i bygda.
- Sunnhordlandsmeisterskapa som har vore arrangert på Heio.
- Skotårsfest i farne tider.
- Jonsokfeiring
- 17.mai-feiring i 1914.
- Skred på Kjærland.
- Sjøtun – snikkarverkstad og møbelsnikkeri
- Systova til Sverre Arnesen
- Skreddarane Jakob Myklebust og Kjell Yri
- Revagardane
- Losje Uskedalen
- Bilde før og no. Her er vi interessert i eldre bilde som viser korleis bygda har endra seg.
- Samferdsle på sjø. Her håpar vi å få inn bilde som viser livet på kaiane når båtane kom.
- Samferdsle på land.
Det vil heilt sikkert koma inn stoff om andre tema, og vi oppfordrar alle som har stoff som dei ønskjer å få med i første eller evtentuelt seinare hefte, om å ta kontakt med redaksjonsnemnda før 1.juli. Det har også blitt diskutert andre tema i den lokalhistoriske gruppa, og vi ønskjer sjølvsagt bilde til dei og.
- Skodespela i den aktive spelgruppa i UUL
- Byfolk på landet
- Uskedal brannvern
- Det første gutelaget i fotball
- Slaktehuset
- Foreningsstut, avlshingst og galte.
- Utslåttene.
- Speidarane, – både gute- og jentespeidarane.
- Dansar på holmen i elva nedafor skulebrua
Det dukkar stadig opp nye og interessanne tema. og det er viktig at alle som har eldre bilde, tar kontakt. Bilda blir svært viktige bidrag for kor vellukka heftet blir.
Vi nemner også at det føregår eit storarbeid om utvandringa frå Uskedalen til Amerika.
Dei som har stoff og bilde som kan vera bidrag til dette arbeidet, må ta kontakt med redaksjonsnemnda. Bilda ønskjer vi melding om så fort som råd fordi det vil bli kveldar for å scanna desse. Artiklar som skal vera aktuelle i det første heftet, må redaksjonsnemnda ha før 1.juli, men vi set pris på om vi får melding om at det er under arbeid så fort som mogeleg.
Redaksjonsnemnga er(bilde av tre av dei øvst):
- Torkel Stensletten, 483 54 489, epost: torkel.stensletten@gmail.com
- Astrid Haugland, 958 20 080, epost: astridhaugland@gmail.com
- Svein Rimestad, 911 09 868, epost: svein.rimestad@knett.no
- Harald Sætre, 907 59 186, epost: harald@setre.net
- Thor Inge Døssland, 932 88 237, epost: thordossland@gmail.com
Arbeidet i Uskedal Historielag er svært kjekt og interessant. Dei som har lyst til å delta, bør ta kontakt med leiar Kristian Bringedal (mob.: 915 31 487. Epost: kristian.bringedal@gmail.com) eller møte på møta som blir gjort kjent her på nettsida.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal