Singing Tweens i regi av Uskedal sundagsskule er eit songtilbod for born frå 1. klasse og oppover. Øvingsplassen er Uskedal kyrkje. Vårprogrammet er klart og det er hengt opp plakatar i bygda. Singing Tweens fekk ein frisk pust då Rebekka Attramadal kom med som fast pianist. Det er kjøpt inn afrikanske trommer i tillegg til fleire rytmeinstrument. Ein metalofon er også eit av fleire instrument. No er koronaregelen teken bort. Difor vonar leiarane på at nye glade songarar vert med. Øvingsdagen er måndagar kl. 17 – 18.

Rebekka Attramadal er den faste pianisten i Singing Tweens. ( Arkivfoto frå julegudstenesta 2021 )
  • Måndag 21. februar
  • Måndag 07. mars
  • Måndag 21. mars

Det er lagt opp til besøk og framføring på Rosendalstunet. 4. april er det Påskevandring/fest for heile familien i kyrkja.

Leiarane er Trude Skogtun, Svanhill Haugland, Jon Harald Kjærland og Nelly Kjærland.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal