Realistisk brannøving i Beinavikjo i går kveld.
Branntroppen i Uskedalen gjennomførte i samarbeid med Sameiga Uskedalen Brygge ei realistik øving i går kveld. Over 110 sentralen kom det melding om bygningsbrann i Beinavikjo der det er 20 seksjonar fordelte på fem bygg. Kl. 18.10 var branntroppen på plass, la ut slangar og fekk informasjon frå brannvernleiar på plassen. Varslinga var ved bruk av sirene. Straks etter var seksjonane evakuerte.
Ved frammøte på Møteplassen og oppteljing, var to mann på ulike adresser sakna. Begge vart funnen og henta ut. Røyk frå lagerbod medførte at røykdykkarar tok seg inn og fekk kontroll på brannen.
Sameiga Uskedal Brygge legg opp til årleg øving, anten det er sommar og lyst, eller på vinteren i mørke. Øvinga er viktig både for bebuarane og for branntroppen. Uskedalen Brygge kan vera eit krevjande øvingsobjekt, særleg med bakgrunn i høgde og nærleik til sjøen.
I oppsummeringa etter øvinga kom det fram nyttig informasjon om brann. varsling, evakuering og sløkkjing. Responstida i dette tilfelle var om lag 10 minutt. Gaute Moberg og Kjell Harald Tungesvik leia øvinga.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal