Raudt farevarsel - hald stikkrenner og kummar opne for lauv, kvist og bos.
Kvinnherad kommune legg ut raudt nivå på farevarsel for regn, jord- og flaumskredfare i store delar av Vestland, inkludert i Kvinnherad. Ekstremvêret har fått namnet Jakob, og er gjeldande frå natt til torsdag 31. oktober til fredag 1. november. Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen. Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, boss, kvist og lauv.
Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred. Unngå å køyra i overvatn, utan å vita kor djupt det er. Vurder nøye om reisa faktisk er nødvendig. Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot. Meterologisk Institutt har oppgradert farevarselet for regn for deler av fylket til raudt nivå. NVE har òg oppdatert sitt farevarsel for jord- og flaumskredfare for deler av fylket til raudt nivå.
Tekst/illustrasjon: Pressemelding Foto: Kristian Bringedal