Rapport frå Landsskyttarstevnet
Landsskyttarstevnet 2026 er godt i gang. I år er stemnet på Lesja i Innlandet fylke. Det er totalt 15 skyttarar frå Kvinnherad skyttarlag, og av desse er det tre frå Uskedalen.
Per Håkon Korsvold er den yngste av skyttarane frå Uskedalen. Han er 13 år og skyt i klasse rekrutt. Laurdag deltok han i Finfelt der han gjorde det godt. Han skaut 30 treff og 16 sentrum, og tok seg dermed til finalen på fredag. Det er ein særs nøgd skyttar som gler seg til finalen. Mandag skaut han 100 meter på bane. Her var det noko utfordrande med vinden der han skaut totalt 241 poeng, som diverre ikkje rakk til finaleplass.

Jan Arnold Berntsen som skyt i kikkertklasse, er godt nøgd med si feltskyting der han skaut godt og hadde gode samlingar. Total rutinesvikt og mangel på hukommelse (sitat Jan) gjorde at eine samlinga kom 10 cm for høgt. Han fekk totalt 24 treff med 15 sentrum. Dette var ikkje nok til finaleplass diverre.

På bane var det også her ein del vind som gjorde forholda utfordrande på 200 meter. Jan fekk til slutt 241 poeng.
Hanne Bakke Berntsen starta med feltskyting der ho gjorde det svært bra med resultatet 27 treff og 11 sentrum. Med dette vart ho nummer 21 av 169 etter innleiande. Ho er også klar for finaleskyting på fredag.

Før baneskyting gløymde Hanne å skifta holkorn, noko som gjorde det utfordrande i forhold til siktebiletet. Dermed enda ho på 238 poeng.
Nokre av skyttarane reiser etterkvart heim, medan andre blir verande til fredag for å skyta eller sjå på finaleskytinga.
Tekst/nett: Marianne Korsvold Foto: Marianne Korsvold / Per Korsvold / Klara Bakke / Anders Godtskalk Gjerde