I føremiddag hadde eg ein runde på Rabben Feriesenter og i båthamna. I det strålande sommarveret møtte eg berre på fornøgde folk. Fleire av desse skal de få helsa på her på Uskedalssida i dagane framover. Først av alt tar vi ein liten prat med ein travel Magne Heggøy som driv Rabben Feriesenter.

Rabben Feriesenter personleg, Magne Heggøy, er ein altmuligmann. Då eg møtte han, låg han under ein båt som trong ein liten reperasjon.

Feriesenteret har dei siste åra gjennomgått jamnlege oppgraderingar, og framstår no verkeleg som ei perle sentralt i bygda. Gjestene eg snakka med, var alle strålende fornøgde med plassen og vertskapet, men det kjem eg tilbake til. Då eg fann Magne Heggøy, låg “mannen som kan det meste” under ein av båtane som trong ein liten reperasjon. Han har mykje å halda orden på, men heldigvis har han god hjelp.
– No i ferien har eg 7 ungdommar som alle er veldig flinke. Ein av dei er Ola Hermann Fossli (15) som på mange måtar er handlangaren min og tar seg hovudsakleg av utearbeid som plenslått og arbeid med båtane. Han er veldig flink og er til god hjelp. Det er første året eg har ein gut i slikt arbeid. Det har eg sakna. Du veit, eg var jo sjølv handlangaren då Steinar dreiv før meg. I tillegg har eg 6 jenter som eg er veldig fornøgd med. Dei er i alderen 17 år og oppover, og alle har vore her tidlegare somrar. Det er veldig godt for meg når dei kjem tilbake. Dei kan jobben, og det trengst ikkje opplæring, legg Magne ut om ungdommane i staben sin som han er så fornøgd med.

Han fortel vidare at det har vore ein laber start på sesongen, og besøket både i mai og juni ligg 20 % under fjoråret. Men då fellesferien og finveret kom, fyltest det opp over alt. Og det er ikkje lite! Han fortel at han har 60 sengeplasser, 17 hytter, 13 båtar, 30 oppstillingsplasser og 28 faste plasser så det er jammen mykje å halda styr på.
Gjestene kjem hovudsakleg frå Norge, Tyskland og Sverige, men ein del andre land er og godt representert. Han er no spent på korleis nye kvotebestemmelsar for fisk vil slå ut på besøket frå Tyskland. Det blir stadig redusert. I fjor var det 18 kg, i år er det 15 og til neste år blir det 10 kg.
– Det var ein som sa til meg at han reiste ikkje frå Bayern og hit for å ta med seg 10 kg fisk.

Strandpromenaden og stranda er heilt super og barnevennleg!

Rabben Feriesenter har jo ein fantasisk beliggenhet med kort vei til både elv og sjø, nydeleg natur med mulighet for kortare turar og toppturar. I tillegg er det jo berre nokre få minuttar å gå bort til det fantastiske leikeområdet ved skulen. Der er også kunstgrasbanen populær.
Mot sjøen har Rabben Feriesenter gjort eit stort arbeid som gjer strandlivet verkeleg idyllisk både med den flotte strandpromenaden med glasrekkverk, og med stranda med nydeleg steinmur i bakkant.

Utestova er eit kjærkome tilskot. Her frå VM-kamp i fotball.

Utestova som blei bygt for nokre år sidan er også populær og mykje brukt. Der samlast gjerne fleire familiar til grilling, og under VM har det vore svært populært å sjå kampar der. Det er ikkje fjernsyn på alle hytter, og så er det ofte kjekt å sjå slikt saman med andre.
– Då Norge spela mot England var det i alle fall om lag 40 som såg kampen der, fortel Magne.
Feriesenteret er perfekt for personar i alle aldrar. For småbarnsforeldre kan eg ikkje førestilla meg ein betre plass!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Rabben Feriesenter og Thor Inge Døssland