Her kan de kjøpa nydelege handarbeidsprodukt!

Med påska startar ein ny høgsesong på Rabben Feriesenter. Magne Heggøy har alt vore i arbeid ei stund for å gjera det klart til gjesteinnrykket. I dag, Palmesøndag, er alt ein god del gjester på plass, men då eg snakka med eigaren, Magne Heggøy, kunne han fortelja at storinnrykket ville komma onsdag og torsdag. Han var også svært fornøgd med at alle dei unge campingvertane som jobba der i fjor, er klare for ein ny sesong. Det må vera eit tydeleg bevis på at dei trivest godt på denne arbeidsplassen.
Det mange uskedelingar nok ikkje er klare over, er at det er råd å gjera særs gode kjøp på nydelege handarbeidsprodukt på feriesenteret. Ein stor del av resepsjonen husar alle desse flotte tinga.

Eit stort utval!! Berre heilt nydeleg, altså!!

Det er campingfrua, Tove Myklebust Heggøy, som er meister for desse kjempefine produkta. At ho er ein flittig meister med strikkepinnane, er dei flotte strikkeprodukta eit tydeleg bevis på. Der er også mykje anna fint! Her er det ikkje nok å berre studera bilda. Eg anbefaler absolutt å ta turen innom, berre for å sjå eller for å gjera ein god handel. I resepsjonen vil de få ei hyggeleg motaking av enten eigarane eller dei hyggelege ungdommane som jobbar der.

Umogeleg å få vist på bilde kor fine tinga er!! Ta turen!!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.