Det er framleis mogleg å melde seg på quiz. Den 1.mars kl. 19.00 gjentek vi suksessen med quizkveld, og den blir i 2.etg på Kvinnherad Vekst. No er det berre å hive seg rundt! Ring eit par vener og meld på lag. Bjarte Døssland stiller som quizmaster. LivOGLyst stiller med snacks, og ein tek sjølv med ønskja drikka.
Vi håper mange stiller lag. Spre ordet, og det er sjølvsagt lov å rekruttera lagmedlemmer frå andre bygder.
Dørene opnar kl. 18.30, medan quizstart er 19.00.
Bildet over viser vinnarlaget på quiz-kvelden i august.

Det var særs god stemning og godt frammøte sist LivOGLyst arrangerte QUIZ. Her er det berre å melda seg på!

Meld på lag (maks 6 stk. pr. lag) på SMS til Solveig Haugland på 472 66 929 innan torsdag 29.02 kl. 20.00.

Tekst: Kari Bråtun, LivOGLyst.
Arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.