Fredag 1.mars kl.19.00 blir det quizkveld

Vi gjentek suksessen med quiz, og den 1.mars kl. 19.00 blir quizkveld. No er det berre å hive seg rundt! Ring eit par vener og meld på lag. Bjarte Døssland stiller som quizmaster. LivOGLyst stiller med snacks, og ein tek sjølv med ønskja drikka.

Vi håper mange stiller lag. Spre ordet, og det er sjølvsagt lov å rekruttera lagmedlemmer frå andre bygder.

Dørene opnar kl. 18.30, medan quizstart er 19.00.

Meld på lag (maks 6 stk. pr. lag) på SMS til Solveig Haugland på 472 66 929 innan torsdag 29.02 kl. 20.00.

Tekst: Solveig Haugland
Foto: LivOGLyst- Uskedalen
Nett: Kari Bråtun