Pyntar opp ved Korsnes.
Korsnes Vel har dei seinare åra gjort ein god jobb med å halda det ryddig ved innkjørsla til Korsnes Byggefelt. Etter at det tidlegare var tilvakse av olderkratt og buskas rundt ballbingen, blei dette ryggja for nokre år sidan. Etter det har dei vore flinke til å halda vegetasjonen nede i skråningen mellom innkjørsla og ballbingen. Det er i hovudsak ungdommar som har sytt for dette, då Korsnes Vel gjennom åra har hatt ei god ordning der ulike ungdommar har hatt små sommarjobbar.
I år er det 16 år gamle Patrick Stensletten som har fått jobben med å slå skråningen. Onsdag ettermiddag var han i full gang med slåtteutstyr for å fjerna graset. Ros til velforeiniga som kvart år brukar ungdommar til dette, og ikkje minst ros til Patrick og tidlegare arbeidsungdommar som bidrar til å gjera innkjørsla til byggefeltet finare!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland