Frå romjula og framover har det vore puslespelfeber i Uskedalen. Mange er hekta på å få lagt dei 1000 bitane frå puslespelet med panorammotiv frå Uskedalen. Stian Solheim i Hobbyspesialisten i Førde er produsent. Dronefotograf er Daniel Morso. Hobbyspesialisten er Noregs største leverandør på puslespel med norske motiv. Mange legg puslespelet på nokre dagar, andre brukar lengre tid. 1000 bitar er ikkje mykje for dei som er drivne. For andre er det utfodrande å finna dei rette bitane. Dei som kan det, sorterer og legg alle kantbitane på eit brett. Så kjem bitane med tilsynelatande same element. Det kan vera skog, sjø, fjell og bygg. Dei fleste tek pausar, koplar frå og går så tilbake og finn mange bitar på rett plass med ein gong.

Det er høve til å tinga ramme for dei som vil ha det ferdige motivet på veggen. Interessa for puslespelet i Uskedalen har vore over all forventning. Opplaget vart utvida frå 50 til 100 spel, alle tinga og selde på førehand.

Tekst/foto:/nett: Kristian Bringedal