Trailhead frå Nesbyen har speisalisert seg på laga stiar, sykkelbanar og rulleparkar. Dei reiser landet rundt. Etter Kabelvåg i Lofoten var Uskedalen neste på lista. Tre menn er i arbeid med innleigd maskin frå Br. Musland. Dei reknar med å vera ferdig med dosering og pakking i denne veka. Det neste då er asfalt, som også må gjerast av fagfolk. Grusmassane er pakka lagvis og disponibelt areal avgjer kor stor rulleparken skal vera. Total kostnad i Uskedalen er rekna til 1 mill. kr. Finansieringa er sikra med gåver og tilskot, mellom anna frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad, Sparebanken Vest og frå Tippemidlane.

Eit nøyaktig arbeid med å pakka grusmassane og få lagt rette kurver.

Prosjektleiar frå Uskedal Idrettslag er Per Korsvold. Han fortel til uskedalen.no at rulleparken er ein bit av eit større prosjekt med å auka aktivitetstilboda ved Kunstgrasbanen. Skaterampen skal forbetrast og det kjem til ballbinge på 10×15 meter. Det skal vera kunstgras i ballbingen. Det er laga til slik at ballbingen kan isleggjast på vinteren.

Sjølve rulleparken vert markert med sperreband fram til asfalten er på plass. Det er viktig at ingen brukar pumptracken no. Grusmassane må ikkje rotast i. Målet er å opna parken laurdag 26. august då det skal vera LivOgLyst arrangement i Uskedalen.

Per Håkon ( t.h. ) ser fram til å få bruka rulleparken, som er for alle. Pappa hans, Per Korsvold, er idrettslaget sin prosjektleiar og kontaktperson.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal