Den nye rekorden er på om lag 5400.

Det er etterkvart velkjent at Festidalen 2022 blei ein braksuksess både når det galt publikumsframmøte og gjennomføring. No kan økonomiansvarleg Eirik Sævareid fortelja til Kvinnheringen at det var om lag 2600 personar inne på området fredag medan det var 2800 på laurdagen. Til samanlikning var det 1400 fredag og 2300 laurdag sist Festidalen blei arrangert i 2019.

Med så mykje folk samla er det kjekt at tilbakemeldingane også er så gode frå politiet. Dei skryt over eit fint arrangement, og at dei hadde svært lite å gjera. Noko småttri er det alltid når så mykje folk er samla, men det var ikkje noko som gjer at det blir oppretta straffesaker.

Sævareid fortel at det var mykje folk frå tidleg om kvelden, noko som førte til stor omsetning og at ei måtte fylla på med varer i løpet av helga. Han rosar det gode samarbeidet med Spar Uskedalen. Han rosar også det gode samarbeidet med politi og naudetatane, Røde Kors, det profesjonelle vaktelskapet.
Dei frivillige har gjort ein kjempeinnsats og bonden sjølv, Magne Huglen, er alltid tilgjengeleg for hjelp og yt ein flott innsats.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Marius Mathisen