Pubkveld på Perla med Jeanette og Tommy frå Os.
Laurdag 6. november inviterer Vertshuset Perla til Pubkveld med pizza. Artistane denne gongne er Tommy Aslaksen og Jeanette Tyssøy Folgerø. Tommy spelar akustisk gitar og syng. Jeanette – vokal/perkusjon. Tommy Folgerø. fortel at gruppa spelar variert musikk fra 60 tallet og fram til dagens musikk. Målet er å gje gjestene ein hyggeleg kveld med passeleg volum slik at ein kan snakka og bli høyrde over bordet. Musikken varier frå Amy Winehouse til Country.
Dørene opnar kl. 18.00. For bordbestilling: Send sms til 470 12. 125. Inngang: CC kr. 100,-
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat