Pubkveld med Rustne Menn, fredag 23. september kl. 20.00 i Dønhaugkjedlaren.
På fredag kan du vera med på ein ekte pubkveld i Dønhaugkjedlaren. Rustne Menn syng pop- og coverlåtar, viser og lokale tekstar etter kjende melodiar. Deler av repetoaret vert framført med høg allsongfaktor. Rustne Menn brukar sitt eige songhefte med tittelen Syng med. Det vert lagt opp til to sett med start kl. 21.00. Inngang: kr. 100,-. VIPPS: 979 86 500. Alle er velkomne til ein gild kveld i Dønaugkjedlaren, i ein lun og fin atmosfære med fyr på grua. Bilete syner Rustne Menn. F.v: Kristian Bringedal, Svein Rimestad og Tore Nordahl-Pedersen.
Tekst/ nett: Kristian Bringedal Foto: Ronny Pedersen