Endeleg vart det pubkveld i Dønhaugkjedlaren, noko som har vore heilt fråverande i haust. Det var Øyvind Sture med musikarane Egil Våge og Stein Haugen som fekk nær på 40 personar til å ta turen i Dønhaug i går. Det vart ein stemningsfull konsert der trioen spelte i to sett. Øyvind Sture har laga alle tekstane og melodiane sjølv. Han har før gitt ut CD. Øyvind syng og spelar gitar. Egil Vaage var med på fele og mandolin. Stein Haugen på kontrabass imponerte. Han har fine soloparti og bind det heile saman på ein framifrå måte. Av genre kan vi sei at framføringa til Øyvind Sture er ein mellomting av Ole Paus og Stein Ove Berg med eit snev av Jonas Fjeld i enkelte låtar. Mange kjenner elles Øyvind Sture best som biletkunstnar, no sist frå utstilling i den gamle banken i Ølve.

Mellom 30 og 40 frammøtte fekk vera med på ein stemningsfull pubkveld i Danhaugkjedlaren.
Tekst/net: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland