Etter ein prøve i dag, sundag 3. januar, med skeising på Fjellandsbøvatnet kan vi slå fast at isen ikkje er trygg. Med kuldegrader kan det enno gå 3 – 4 dagar før isen kan brukast. Familien, vi snakka med i dag, har god kunnskap om islegging. Dei heldt seg inne langs landet på grunt vatn og hadde sikring på land dersom noko uventa skulle skje.

Uskedalen.no møtte Gunvald Friheim på plassen. Gunvald ( f. 1937 ) er fødd og oppvaksen i Friheim og kjenner område svært godt. Isen måtte vera trygg før dei fekk sleppa til med skeising. Slik var det då han vaks opp og då borna brukte Fjellandsbøvatnet til leik og moro.

Dersom veret held fram slik det er meldt i denne veka, kan ein sjå fram til mange fine skeisedagar på Fjellandsbøvatnet. Før om åra har ofte Tor Vidar Sæle målt isen og sagt frå når isen er trygg. Vi avventar melding.

Siste: Tor Vidar Sæle har målt isen i dag. Det lovar godt og om nokre dagar er isen trygg. Melding kjem på Uskedalen.no.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal