Førstkommande laurdag arrangerer LivOGLyst-gruppa Bygdadag mellom kl.11 og 14. Basen vert skulen og Aktivitetshuset, og mellom dei mange deltakarane er Uskedal Skulemusikk. Dei vil sjølvsagt informera om den gode aktiviteten som ein kan ha stor glede av resten av livet. Nokre musikarar vil opptre, og ikkje minst er det mogeleg å prøva å blåsa på instrument. Skulemusikken har eit sterkt ønskje om å få fleire musikarar, og alle, frå 2. klasse og oppover, som kan tenkja seg å bli aspirantar, er veldig velkomne til å komma på prøveblåsen deira. Det kan bli starten på ein fantastisk hobby.
Korpset har no hatt sommarferie etter at dei avslutta forrige sesong med pizzafest på Perla. I desse dagar startar dei opp med ein ny sesong, og som vanleg har dei mykje kjekt på programmet. Allereie første helga i september tar musikarane og ein del foreldre turen til Kinsarvik. Der skal dei bu på campingen og ha oppstartseminar saman med Rosendal skulekorps. På programmet er det, i tillegg til øving, både besøk i Mikkelparken og mykje anna sosial aktivitet.
Det er framleis den godt likte og dyktige dirigenten Tor Skeie Olsen som styrer taktstokken og det musikalske arbeidet i Uskedal skulemusikk. Han startar no på sin 14. sesong.
Bildet er henta frå avslutningskonserten i båthamna før sommaren.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.