Prosjektløyving til Mona Vetrhus.
Forfattar Mona Vetrhus frå Uskedalen er tildelt kr. 30 000,- i løyving frå det kommunale næringsfondet. Prosjetet er kostnadsrekna til kr. 120 000,-. Maks tilskot er kr. 30 000,-. Midlane skal brukast til skriveverkstad og til arbeidet med å skriva ny barnebok. Vetrhus er ein av 13 søkjarar. Alle er tildelt midlar, totalt kr. 550 000,-.
Mona Vetrhus gav ut si andre bok i 2024. Det var barneboka Nattklubben på forlaget Samlaget. Boka er for alle som slit med å sova, frå 4 år og oppover. Nattklubben høyrer til kategorien godnatthistorie.
Barneboka Nattklubben har kome i to opplag. Boka sel godt og med god markedsføring, opplesingar og framføringar saman med borna, er boka landskjend.
I samtale med uskedalen.no fortel Mona Vetrhus at det truleg kjem ei bok to i Nattklubben. Men disse midlane skal brukast til eit anna barnebokprosjekt. Ho planlegg å ha skriveverkstad med born og saman starta å skriva fram eit nytt magisk univers, noko ho gler seg til.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto