Med gåva frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad pålydande kr. 400 000,- er Uskedal Friluftslag sitt prosjekt med vegsikring, p-plass og asfaltering finansiert. Frå før har SIM løyvd kr. 63 325,- frå det dei kallar Miljøfond. Friluftslaget har lagt inn eigne midlar og dugnad for å koma i mål. Arbeidet er påbyrja. Sist laurdag var Haugland Maskin og frivillige på plassen for å slå ned stolpar og få montert rekkverk. Noko av rekkverket skal monterast på fjell. Det krevst masseutskifting for å oppnå god kvalitet og stabilitet på vegen. Arbeidet vil halda fram så snart ein har maskinar og arbeidskraft på plass. Bilete på topp: Audun Eik og Ove Magne Myhre tek mot gåva frå SpareBank 1-stiftinga.

Montering av rekkverk på vegen frå kommunal veg og fram til møterommet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal