Det er to vegar frå Fylkesveg 48 til Beinavikjo, ein kommunal og ein privat. Den private vegen er skilta med Gjennomkøyring – berre etter avtale. Skiltinga gjeld ikkje for dei som bur langs vegen og som har vegrett, heller ikkje for utrykningskøyrety, postbil, renovasjonsbil m.m. Bakgrunnen for skiltinga er trafikk på privat veg og gjennom det smale gateløpet ved Uskedalen Brygge, noko som er trafikkfårleg. I den tida det var handel, telegraf, hermetikkfabrikk og dampskipskai, vart vegen brukt mykje. Jamvel bussen hadde rute nedom Beinavikjo, sjølv om det var trongt. På det trongaste, det som var kalla Smoget, måtte ein utvida ved å ta bort litt av utstikket på sjøbua. No er vegen skilta. Eigar, Sameiga Uskedalen Brygge og dei som bur langs vegen reknar med at skiltinga vert respektert.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal