Folk strøymde til i store mengder då det var kunstutstillingsopning i Galleri Banken i Ølve på pinseaftan. Utstillarar var Erling Valtyrson og Øyvind Sture frå Steinsletto. Det var verkeleg mykje vakkert på veggene å kvila augo på. Valtyrson som er ein legende innan grafikk, presenterte grafiske bilde medan Øyvind Sture i hovudsak stilte ut oljemåleri i tillegg til tre skulpturar. Folk likte det dei såg, og begge kunstnarane er truleg fornøgde med salget.

Flott musikkinnslag med sjølvskriven musikk av Øyvind Sture (i midten) på opninga. Med seg hadde han Stein Haugen (t.v.) og Egil Våge.

Det var stappfullt i lokalet då Martha Nerhus ønskte velkommen. Kjekt var det at mange blant publikum var frå Uskedalen og nærliggjande bygder. På ferja over fjorden utgjorde utstillingsgjester ein stor del av dei reisande. Etter velkomstorda var det musikk frå trioen Øyvind Sture, gitar og vokal, Egil Våge, fele og mandolin, og Stein Haugen på kontrabass. Dei skapte ei god stemning med å framføra rolege, litt lågmælte og stemningsfulle viser der Øyvind Sture sjølv er meister for både melodi og gode tekstar. Avslutningsvisa rørte ved mange. Åleine framførte han ei vise til kona si, Magni Tråvik. Øyvind Sture er ein multikunstnar, og eg forstår godt at mange drar samanlikningar med sjølvaste Ole Paus.

Tettpakka med folk under opninga.

Med så mykje folk måtte ein fordela seg litt. Og det gjekk veldig greitt. Utanfor hadde nemleg fritidsklubben for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy rigga seg til med gatekafe der ein kunne få kjøpt både hot dog, nydelege kaker og lappar og varmande kaffi. Mange tok også turen innom det gamle postkontoret rett over gata der det no er geoparkutstilling.

Øyvind Sture stilte ut oljemåleri og skulpturar.
To av dei vakre oljemåleria.
Sjølvportrett.

Storleg imponerte var dei som beundra kunstverka. Valtyrson er kjent frå mange utstillingar, og for å vera kjøpt opp både av kongelege og Nasjonalgalleriet. Øyvind Sture har til no hatt eit meir tilbaketrukke kunstnartilvære. Desto kjekkare er det at det flotte han produserer, no blir utstilt! For meg er det umogelege å beskriva det her, men det er tydeleg at det ligg mykje kjensler i bilda. Landskapa i mange av dei vakre bilda drar vi kjensle på. Eit trekk som går igjen i mest alle bilda til Sture er ein runding, eit egg. Dette får oss til å lura på kva kunstnaren ønskjer å fortelja med det. Det skaper interesse. Det gjev bilda eit snev av mystikk. Eg kan berre oppfordra alle til å ta ein tur til Galleri Banken den næraste månaden. Denne utstillinga bør svært mange få med seg!

Utanfor var det rigga til med gatekafè.

Og så kan vi håpa på at det blir ei utstilling med Øyvind Sture sin kunst i Uskedalen i nokså nær framtid.

Nokre av dei som tok ferja over fjorden for å få med seg utstillingsopninga.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland