Først av alt vil vi takka for den overstrøymande deltakinga i påskekonkurransen vår. Vi set også stor pris på alle dei kjekke tilbakemeldingane som tyde på at mange har kosa seg med oppgåvene. Dei har ikkje berre sett hjernecellene i sving her i bygda! Svært gledeleg er det at deltakarane kjem frå eit stort område. Frå Alta i nord til Spania i sør og Osloområdet i aust har det denne påska blitt vist oppmerksomhet og engasjement for desse oppgåvene. Svært gledeleg er det også at familiar og vennegjengar har kosa seg med oppgåvene i fellesskap. På bilde over ser vi Eirik Skogseth og Mathias Børve då dei trekte ut vinnarlappen.

Til saman har det delteke rundt 70 einskildpersonar eller lag. Heile 22 har fått alle svara rette, men her er alle vinnarar. Målet med konkurransen er å skapa engasjement, glede og god stemning. Takk for at de har tatt så godt mot konkurransen.

Eirik Skogseth viser fram vinnarnamnet.

Premievinnarane er:

  • Randi Elisabeth B. Røssland og resten av hyttegjengen er trekt ut blant dei som hadde meir enn 75% rette svar, som vinnar av stort påskeegg.
  • Endre Myklebust er trekt ut som vinnar av dei som hadde alle 40 oppgåvene rette. Premien her er også velfylt påskeegg.
  • Anita Låstad Johansen, Wenche Taranger m/fam., Hege Hauge og Synnøve Bringedal får kvar sine trøystepremiar, 2 flaxlodd og litt søtt under tanna kvar.

Premiane ligg og ventar på vinnarane på Spar Unskedalen. Gratulerer!!

Deltakarar i årets påskekonkurranse:

Døssland øvre v/Edle, Endre Myklebust, Anne Marie Pedersen, Wenche Taranger m/fam., Reidun Netland, Reidar Bauge, Hanne Larsen, Are Ulseth, Anita Miljeteig, Tobias Lamberg Torjusen, Kurt E. Miljeteig, Bjørg Inga Miljeteig, Kurt Inge Miljeteig, Anna Bakke, Øystein Enæs, Aase Hauge, Ninni Dorthea Åsheim, Rita Larsen, Ragnhild Kvandal Løland, Kristi Lund Skorpen, Gro Ann Røssland, Janne Fausk, Oddny Elise V./Jostein R., Hans Reidar Kjærland/Anne Marit Myhre, Fam. Neset, Anita Låstad Johnsen, Synnøve Bringedal, Britt Iren Tjelle Østebø, Fam. Bringedal/Skogtun Herøysundet, Sindre Skeie, Astrid Magnussen Børve, Ellen Marie Myklebust, Hermann/Fossli-gjengen, Hege Hauge, Atle Hauge, Bjarte E./Tone B., Randi Elisabeth B. Røssland+hyttegjengen, Enny -Helen Bendiksen, Stian Kleven Rød, Gerd Ingunn og Sveinung på Boye, Hilde S. O. Røssland og gjengen på Sunde og i Sommarvegen, Camilla, Ståle og Lilly, Bjelland-Mathisen-klanen v/Sigrid, Lars Øyjord, Inger og Ingvald Haara, Karoline/Vegard, Torunn Irene Feet, Fam. Reidun Alvsaker, Anne Gurine Bringedal, Karin H. Olsen, Laila Marie Wang Øyjord, Sina, Silje, Gerd og Torger, Jofrid Eik, Ann Merete Åsheim Nilsen, Møyfrid Kristoffersen, Bjørgulv Eik, Svein A. & Brita Sunde, Bjørg Møyfrid Fredheim m/fam., Hilda Guddal, Leif Gunnar Eikeland, Berit Lappegård & Dag Hermansen, Mari Willumsen, Vegard Skeie, Nancy Pedersen og Roger Ingvaldsen.
Dei aller fleste hadde meir enn 75% rette svar.

Ei imponerande liste med skarpskodde folk! Konkurransesekretæriatet takkar for den flotte innsatsen!!
Svara kjem på onsdag!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland