For ei tid tilbake vart elevane på 7.trinnet invitert til å delta i den internasjonal teiknekonkurranse “Lions International Peace Poster Contest”. I dag var Lions, representert ved Esben Zimmer, på skulen for å dela ut premiar. Alle elevane som hadde sendt inn teikning fekk kvar si t-skjorte med namnet sitt på, samt litt “snop” som dei kunne kosa seg med(bildet over).

Teikningane til elevane vil no bli stilt ut i hallen, i området rundt skulebiblioteket vårt, og dei som ønskjer å sjå på kunstverka er velkomne innom.

Kaylah B. Stensletten gjekk vidare til regionsfinalen med denne flotte teikninga. Ho er opplagt eit talent!!

Elevane brukte mykje tid på teikningane sine, og la ned ein stor innsats. Til slutt var det teikninga til Kaylah B. Stensletten som vart kåra til den beste. Diverre gjekk ikkje denne teikninga vidare til den nasjonale konkurransen. Likevel syntes vi det var kjekt å vera med, og vi fekk gjennom arbeidet med teikningane sett fokus på fredsarbeid i ulike deler av verda.

Tekst og foto: Odd Steinar Arnesen
Nett: Thor Inge Døssland