Positive tilbakemeldingar på tildelinga frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad
Det vert synt til pressemeldinga om tildeling av 0.8 mill. kr. til det som vert kalla Aktivitetsmidlar. Stiftinga har alt fått kjekke tilbakemeldingar på tildelte Covid 19 gåver og som ei oppfølging på dette, ynskjer stiftinga å formidla at gåvene også er tenkt brukt til det formål at Alle skal med.
Det er mange familiar, born og unge som er råka av denne pandemien og det har
medført vanskelege økonomiske tider. Av den grunn er det nokre som uteblir frå den
organiserte aktiviteten.
Stiftinga vil oppmoda til at gåvemottakarane brukar deler av gåvebeløpa med tanke på manglande utstyr, medlems kontigentar og anna, slik at dei som er hardast ramma av pandemien, også har muligheter til å ta del i aktivitetane i kvart enkelt lag.
Nokre av gåvene er tildelt hovudlaget som igjen samhandlar og fordeler til
undergrupper innan samme lag/organisasjon.
Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal