Selstad er ei internasjonal verksemd som leverer service og utstyr til havbaserte næringar. Etter opninga av servicestasjon for akvakulturnæring i Uskedalen i 2016 kan verksemda syna til god vekst og utvikling. Egil Pile er driftsleiar. Antal tilsette er mest dobla på fem år, frå oppstarten med seks tilsette til i dag 11.

Miljøvennlig service for oppdrettsnæringea.
Servicestasjonen har i dag 11 tilsette og driv med miljøvenleg service av oppdrettsposar. Spesifikt gjeld det mottak, vask, desinfeksjon, bøting, impregnering og lagring av posar ved serviceanlegget. I starten i 2016 var det nokre gonger litt pause mellom serviceoppdraga, noko som vart løyst ved å avlasta andre stasjonar med serviceoppdrag.

Notbøting er ein viktig del av produksjonen på SELSTAD. På bilete ser vi Katrine Eikeland som notbøtar.

Egil Pile fortel at verksemda i Uskedalen har etter kvart opparbeidd seg god erfaring og kompetanse. Alle sertifiseringar er gjennomført i tillegg til internt kompetanseprogram for å sikra kvalitet på alt som vert levert.
God vekst til trass for korona.
Koronaåret 2020 ga sine utfordringer knytta til smittevern med nye tiltak, også i ein periode stengte skuler og barnehagar. Ein opplevde likevel å ha god kontroll på anlegget og drifta. Viktig er det å levera det ein skal til kundane og at dei er nøgde med arbeidet og servicen.

Oppdrettsnæringa er ei framtidsretta næring som er robust og står relativt stødig i pandemien, noko som igjen påverkar mulighetene for servicestasjonen. I tillegg forklarar Egil Pile at veksten også er eit resultat av den solide innsatsen fra alle medarbeidarane på servicestasjonen. Dei står på og stiller opp når det er trong for det.

Investeringsvilje og flere arbeidsplassar.
Pile ser stort potensiale framover, og kan fortelja at Selstad vil halda fram med satsinga i Uskedalen. Det er håp om å kunna utvida anlegget i løpet av dei neste åra, noko som igje vil gje auka servicekapasitet og dermed fleire arbeidsplassar. Selstad tenkjer langsiktig i alt som vert gjort. Målet er å driva på ein god og bærekraftig måte i åra framover.

Notbøting
Tekst: Redigert frå annonsevedlegg
Foto: Egil Pile
Nett: Kristian Bringedal