Populær styrketrening for "godt vaksne".
Det er plass til fleire, – både kvinner og menn.
I meir enn 10 år har Uskedal Helselag hatt tilbod om styrketrening for oss som kan kallast “godt vaksne”. Kvar mandag mellom klokka elleve og tolv møtest om lag 20 kvinner og menn i alderen 64 til 91 år i Gamleskulen til dette gode og viktige treningstilbodet. I løpet av timen går dei gjennom eit fast program der dei startar med oppvaming. Det inneheld varierte øvingar og dei får trent både styrke, koordinasjon, kondisjon, balanse, ja, alt som er viktig for å halda kroppen ved like før dei avsluttar med uttøyning og pusteøvingar. Alle øvingar kan tilpassast kvar einskild.

Eg trur eg med handa på hjarte kan seie alle deltakarane er særdeles fornøgde med opplegg som blir gjennomført til passande musikk. Dei merkar at det gjer så godt!
Merkverdig nok oppdagar vi at det er folk som ikkje veit om dette gode tilbodet. Sosialt og kjekt er det, og nye blir tekne godt mot av instruktørane Eli Roseth Eik, Eva Reime Ljosnes og resten av treningsgruppa. Det er ingen krav til treningstøy, men det er lurt å kle seg laust og ledig. Viss ein ikkje ønskjer å trena på sokkeleisten, må ein bruka innesko. Om nokon får lyst til å begynna, kan dei komma i Gamleskulen mandag. Treninga begynner kl. 11, men dei fleste kjem i god tid. Dei første pleier å komma om lag ein halvtime før. Det sosiale er viktig. Viss nokon har spørsmål, er det berre å kontakta instruktørane Eli og Eva.
Dei som begynner, kjem heilt sikkert ikkje til å angra!




Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland