Den aktive og velklingande veterangjengen i Uskedal musikklag er godt i gang igjen etter å ha hatt koronapause sidan jul. Då dei møttest til øving att for eit par veker sidan, kunne dei sjå tilbake på den klart lengste øvingspausen dei hadde hatt på mange år. Gjengen elskar å komma saman og spela, og i dag møttest dei til konsert/ øving i båthamna.

Konserten var ikkje annonsert i desse koronatider, men det var tydeleg at tonane breidde seg i nabolaget. I løpet av den gode halvtimen konserten varte, steig publikumstalet med fleire hundre prosent. Både faste superfans og tilreisande på Rabben Feriesenter og i båthamnene sette pris på tiltaket. Gode tilbakemeldingar var det også sjølv frå publikummarar som var vane med kvaliteten til Askøy Brassband og Follese mannskor.

Veteranmusikarane presenterte fin, variert og stemningsskapande musikk.

Bandet spela 10 nummer, og med den korte øvingsperioden var dei fleste naturleg nok gamle travarar frå repertoaret deira. Eitt nummer blei presentert for første gong. Det var Evert Taub sin velkjende vals Dansen på Sunnanø. Denne er arrangert spesielt for bandet av Bjørn Aakre. Han er ein god og viktig kontakt for gjengen, og er også meister for tre andre nummer som stod på spelelista i dag.

Musikarane var vel fornøgde etter spelestunda, og det er nok ikkje usansynleg at den spelesugne gjengen gjentar noko liknande ved fleire høve utover våren og sommaren.

Foto: Eldbjørg Myklebust
Tekst og nett: Thor Inge Døssland