Alle vil ha ein bit av han! Kygo, Alan Walker, Emma Steinbakken og Arif
er nokre av dei som har fått laga låtar saman med godguten frå nord.
Pop-prinsen Ruben er siste tilskot til festidalenplakaten. Han har ei
silkestemma det dryp kjensler av. Dette er så inderleg soulpop du kan
få. Og gjett om den skal nytast! Ruben har herja listene i Noreg, Sverige,
Danmark og Finland. No er han her for å by kvinnheringane på kjærleik i bøtter og spann.

  • Han er strøyma meir enn alle artistane som spelte på Festidalen i
    fjor til saman! Og det er ikkje dårleg, for fjoråret var eit definitivt
    rekordår for Festidalen.
Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal