For andre år på rad går Kvinnheradstiftinga saman med Handelens Miljøfond for å gjennomføra den populære ryddeaksjonen Plastdugnaden. Gjennom samarbeidet har Kvinnheradstiftinga sett av kr 200 000 som skal koma barn og unge i Kvinnherad til gode. Konseptet er enkelt, men effektivt: Barn og ungdom går saman om å rydda plast og anna avfall i sitt eige nærmiljø. Som takk for innsatsen får dei pengar tilbake til aktivitetane sine i laget eller foreininga.

Målet er like enkelt som viktig: Mindre plast og søppel i naturen og meir midlar til aktivitetar for barn og unge i lokalsamfunnet. Plastdugnaden er eit flott døme på korleis miljøinnsats og aktivitet for barn og unge kan gå hand i hand. Samstundes som ein tek vare på naturen, kan laga skaffa seg midlar til viktige aktivitetar, seier dagleg leiar Bente Lie Nilsen i Kvinnheradstiftinga.


Lag, organisasjonar og foreiningar for barn og unge kan søkja om støttte til å arrangere ryddeaksjonar. For kvar deltakar mellom 6 og 19 år, som ryddar i minst tre timar, får foreininga 500 kroner. Kvar organisasjon kan søkje på vegne av inntil 100 deltakarar.


– Det er fint å sjå kva som skjer når plastposepengane og midlar frå 17 SpareBank 1 stiftingar blir samla i ein felles dugnad. Så langt har Plastdugnaden gjort det mogleg for over 100 000 barn og unge å bidra
til eit reinare nærmiljø, samstundes som dei har tent pengar til aktivitetane sine, seier Cecilie Lind, dagleg leiar i Handelens Miljøfond.


Når SpareBank 1-stiftingane deltek, aukar også moglegheitene.
Samarbeidet gir fleire millionar kroner til dugnaden, og dermed fleire barn og unge som kan delta i ryddeaksjonar i sine lokalmiljø. For oss er dette eit tiltak som treff rett i føremålet vårt: Å styrkja lokalsamfunnet og bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad, seier dagleg leiar Bente Lie Nilsen i Kvinnheradstiftinga

Plastdugnaden vart lansert av Handelens Miljøfond i 2024. Butikkane som er medlem av fondet, betaler fire kroner for kvar plastpose dei sel.
Alle pengane frå medlemsbutikkane går tilbake til miljøtiltak som reduserer plastforsøpling og Plastdugnaden har raskt blitt eitt av dei mest synlege tiltaka.


Her tener barn og unge pengar gjennom ein meiningsfull miljøinnsats, utan at familiar må kjøpa eller selja produkt. Det er inkluderande, alle kan delta.

Søknaden opnar 16. mars. Meir informasjion finn du på Kvinnheradstiftinga si heimeside/ Facebook.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Brongedal