Dersom alt går etter planen vert det solidaritetskonsert for Ukraina torsdag 21. april i Helgheim. Kor, korps, song- og musikkgrupper går saman om ei markering der all inntekt går til THK stifelsen sitt store arbeid med hjelpesendingar til dei som har det vanskeleg og som er i ein kritisk situasjon. Uskedalen og Kvinnherad er sentral i THK sitt arbeid med innsamling, sortering, opplasting og vidare transport til Ukraina. Tormod Myklebust har sidan 2006 vore ein leiande person i dette arbeidet, både som sjåfør og distributør.

THK traileren går i skytteltrafikk mellom Haugesund og Ukraina.

Opptakten til konserten er gjort av redaksjonen i uskedalen.no og gjennomføringa er i samabeid med alle involverte partar. Arrangøren vil koma attende med meir informasjon, både om den praktiske gjennomføringa og inntekter. Det vert ein rein konsert i stram regi med appell, maks to timar.

Ut frå det vi kjenner til så langt, vert desse med på konserten:

  • Uskedal Musikklag
  • Rustne Menn
  • Røysterett for Alle
  • Vokalensemblet GLIMRAH
  • Kvartetten ÆRE
  • Soloinnslag
Tekst/nett: Kristian Bringedal