Det har vore ei travel pinsehelg for Elins Matgleder med mange oppdrag og kjekke gjester. I Rosendal var det rekordbesøk på Restaurant Fiolen og Cafe Hylleblomen heile helga. På Vertshuset i Uskedalen var det ein vellukka Amerikansk aften på laudagen. Der var det god musikk og god stemning, sjølv om det hadde vore plass til ein del meir gjester. På søndagen var det dåpsfest, og i tillegg er det sendt ut catering mat til fleire barnedåpar og sommaravslutningar.

Faste bubilgjester finn vegen til Øyro Marina og Camping.

Geir Enes fortel at ved Øyro Marina og Camping hadde dei godt besøk av bubilar og båtar. Faste gjester var på plass i campingvognene sine. Alle såg ut til å kosa seg i det fine veret. Egil og Tove Høgemark mangla dessverre denne pinsen, men det er håp om at dei kjem til Uskedalen seinare i sommar.

Elins Matgleder har vel 20 personar på lønningslista. Med alt som er planlagt og skal leverast skulle ein gjerne hatt fleire med gjennom sommarsesongen. Aktuelle kandidatar kan ta kontakt med Elin eller Geir Enes.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Elins Matgleder