Ein lesar kjem med ei påminning om bruk av priggtråd på gjerde, både i hagar og i utmark for å regulera dyrs ferdsel. Bakgrunnen er at det er observert at eit av tre rådyr hang fast i piggtrådgjerde. Det handlar om dyrevelferd og lidingar. Lesaren syner til Lov om piggtråd frå 2010.

Uskedalen.no har jobba litt med saka, men ikkje nok til å vera for kategogorisk. Det er pr. i dag ikkje råd å få tak i piggtråd. For dei som driv landbruk, er det råd å søkja tilskot for å fjerna gamal piggtråd. Det er gjort mange plassar, men det er enno mykje piggtråd.

Piggtråd på toppen av eit gjerde vert ofte brukt på tverrgjerde, særleg ved plantefelt. For å halda hjorten borte, kan det vera hjelp i eit piggtrådegjerde. Alt anna nyttar ikkje. For mindre dyr som rådyr og kalvar er piggtråd uheldig og kan påføra dyret skade og liding. Det kan også vera at rullar med gamal piggtråd ligg at i skogen eller langs steingardar.

Redaksjonen ynskjer komentarar på denne saka, mellom anna som ei utfylling og for å saka skal vera rett framstillt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal