I dag fekk Vonheim piano med krakk. Jan Erik Olsson valde å gje pianoet sitt til forsamlingshuset på Haugland. I meir enn 30 år har instrumentet vore i hus i Uskedalen. Det kom frå Helsingborg i Sverige. Onkel til Janne var eigar, men ville at Janne skulle overta det. Det var ei lang reise frå Helsingborg til Uskedalen og i alle desse åra har pianoet hatt sin plass i det som var heimen til Solveig og Janne i Geilo. No skal huset seljast og det var tid for å finna ut av kven som kunne ha nytte og glede av instrumentet. Styret for Vonheim takka ja til tilbodet. Fleire i krinsen kan spela og gje tonefylgje på eit piano. Då vil det bli brukt på julefestar, songkveldar og ved andre arrangement.

Piano låg modell m/ krakk er på plass i Vonheim.
I loket på pianokrakken finn vi informasjon om korleis ein skal plassera og ta vare på eit pinao.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal