Opningstidene hos Phaka’s thaimat take away ved Gamleskulen har vore knytta til helgane etter at Phakapun og Asle Kvittingen overtok den populære thaivogna før denne sesongen. No blir det forandring på dette. Frå denne veka kan vi handla av dei smakfulle rettane mest heile veka. Dotter til Phakapun, Siriporn Sukhakate, fortel at dei frå denne veka kjem til å ha ope kvar dag frå tirsdag til søndag frå kl.14 og utover til ca. kl.21. Ho fortel også at dei vurderer utvida opningstid komande helg i samband med Festidalen. Det vil nok bli eit populært tilbod til svoltne festivalgjester.
Siriporn og ei søster av Phakapun er no komne frå Thailand, og dei er godt i gong med jobben hos Phaka’s thaimat.

tid