Opnar att på tirsdag.

Festidalen skapar gode ringverknader for mange næringsdrivande. For mange er dette svært verdfullt. Blant dei som fekk kraftig auke i omsetnad var Phaka’s Thaimat ved Gamleskulen. Sjølv om dei hadde førebudd seg til ekstra kundar i samband med festivalen, måtte dei stenga kl.19 på søndag. Då var det rett og slett tomt for varer.
Tirsdag er dei på plass igjen, og då kan vi igjen handla smakfulle rettar hos dei. Dei har no ope alle dagar unntatt mandag.
Phaka’s Thaimat takkar alle kundar som har støtta dei både under Festidalen og elles i den tida dei har drive.
Eg anbefaler alle å like facebook-sida deira “Phaka’s Thaimat”. Då får de informasjon om både meny, telefonnummer, opningstider og anna der.

tid