Ope fredag – søndag.

Det var svært travelt med mykje kundar hos Phaka’s Thai Mat då dei nye eigarane opna i påskehelga. Phakapun Kvittingen fortel om stor trafikk alle dagar. Ho er veldig fornøgd og ber uskedalen.no overbringa ei hjarteleg takk til alle som bidrog til at starten deira i thaivogna ved Gamleskulen og Spar i Uskedalen blei så vellukka. Ho er eit stort smil når ho snakkar om korleis ho opplevde opningsdagane.
No er ho travelt opptatt med å førebu den komande helga, og då blir det ope både fredag, lørdag og søndag. Alle dei tre dagane er det ope frå kl.14 til 20. Det er nok mange som set pris på at dei kan nyta eit godt thai-måltid i dette nydelege forsommarveret!
På bildet over ser vi fristende thaimat, og under ser vi Phakapun Kvittingen i full sving i kjøkkenvogna.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat