Du treng ikkje reisa langt for å finna personlege og særprega julegåver. Gina Berge-Soldal på Holmen syr og skaper sin eigen design på produkta sine. Treng du ei litt personleg julegåve til liten eller stor, tek du kontakt med Gina. Det kan vera ei hue eller eit pannebånd i passande mønster og storleik, ei lita bukse eller noko anna som måtte passa. Gina fortel at ho reknar det som ein hobby. Uskedalen.no har før møtt Gina på julemesser, noko det vert lite av i år. Difor tek du direkte kontakt. Du finn meir informasjon og bilete på Gina si Facebookside.

Personlege og lokale julegåver kan du få kjøpt på Holmen i Uskedalen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå Facebook