Per er i mål - veddmålet er utført.
Veddemålet er utført. Per Korsvold kom til Lyon i går og fekk møta familien sin. Av dei var også to systrer. Per takkar alle for helsingar og god støtte undervegs. Han skriv på Facebook at det har vore ein lang tur, både i kilometer, antal dager,mange timar på sykkelen og sjølvsagt mange inntrykk. Gårsdagen gjekk fint sjølv om det starta med motvind. Kroppen var i kjempe-slag og det gjekk veldig lett. Så kom medvinden som varte heilt imål. Siste etappe vart 197 km og 1180 høgdemeter. Lengda på sykkelturen frå Uskedalen til Lyon vart på totalt 2125 km, 15600 høgdemeter. Det utgjer over 90 timer på sykkelen. Uskedalen,no seier: Vel blåst Per
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat