For ei tid tilbake la vi ut dette bildet med tilhøyrande spørsmål om kven som var flaggberaren. Responsen frå lesarane har vore god, og svara har vore eintydige. Peder A. Kjærland har gått igjen hos alle. Kjærland var ein markant mann i bygda, – velkjend som lærar både i framhaldskulen, ungdomsskulen og barneskulen. Han var også engasjert i organisasjonsarbeid der han var svært aktiv i kristent lagsarbeid. Såleis var han sundagsskulelærarar i ein svært lang periode, og mange er dei uskedelingane som har fått fiskar og stjerner i frammøtekortet av han. Han var også engasjert i kommunepolitikken.
Mannen som går ved sida av han, er Kjell Yri. Han var truleg formann i 17.mai-komitèen det året.

tid.