Paul Are Ljosnes frå Uskedalen er ferdig utdanna som MOT Coach. I denne veka var han ein av 13 som er i mål med ei grunnutdanning. Paul Are kjem frå Uskedalen, fødd og oppvaksen på Holmen. Etter ein yrkeskarriere i bilbransjen er Paul Are no tilsett på Haugaland vidaregåande skule. Målet til MOT er å byggja robuste ungdomar i eit inkluderande samfunn.

Paul Are Ljosnes – nr. 2 bak frå høgre

Paul Are Ljosnes vart spurt av MOT koordinatoren om å bli MOT Coach. Oppgåva hans saman med MOT nettverket vert å få MOT filosofien ut i klasserommet. Hans skal vera med på å dekka MOT programmet i VG1 og VG2 klassane.

MOT, som vert administrert frå Trondheim, har ein historie tilbake til OL på Lillehammer. Sentrale skøyteløparar gjekk saman om å skipa ein førebyggjande organisasjon mot narkotika. Seinare er målsetjinga endra og utvida til å skapa eit varmare og tryggare oppvekstmiljø for born og ungdom.

Kjerneverdiane er:

  • MOT til å leva
  • MOT til å bry seg
  • Mot til å sei nei.

Kvinnherad var i si tid den fyrste MOT kommunen i landet. Så langt vi kjenner til, er ikkje MOT programmet ein del av skulane sitt førebyggjande arbeid i dag.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå FB