
Påskehelsing frå Uskedal Barnehage.
Tida før påsken er alltid ei spesielt fin tid i barnehagen. Påsken er ei tid både små og store gleda seg til. Ei tid for tradisjonar og kulturformidling. Sola og våren er komme attende til bygda. I tråd med påsken sin tradisjon har uteliv, og turar i nærmiljøet stått på agendaen, men også leik, formingsaktivitetar, song, historiar/bøker, påskevandring til kyrkja og påskefrukost i barnehagen. Bilete på topp syner påskevandring i kyrkja.

Påskefrukost er ein gammal tradisjon i barnehagen vår, og er ei fin markering og inngang til påskehøgtida. Påskefrukosten er noko barna gleda seg til kvart år, og som foreldre som tidlegare har gått i barnehagen hugsar med glede. Barna synes det er stas å få invitere mamma og pappa til frukost i påskepynta barnehage.

Det er kjekt å få visa dei vaksne kvardagen sin og alt det fine dei har laga. Ekstra kjekt er det når så mange foreldre har klart å få sett av tid i ein travel kvardag til å delta på frukosten. Personale og barn sameinast i at påskefrukosten hadde vore veldig kjekk og koseleg.

Vi vil med dette ynskje dykk alle ei riktig så god påske!
Helsing barn og personale i Uskedalen barnehage
v/styrar Ann Irene Sæle
Tekst/foto: Uskedal Barnehage Nett: Kristian Bringedal