No er tida inne for å gå på jakt etter påskeegg.

I natt har påskeharen vakna til liv, og har meldt at han har sett den flotte gapahuken på Flåtene. For å komma hit kan ein enten gå via turvegen bakom Elins matglede på Feet eller stien forbi Vassverket på Eik.

Vidare kan påskeharen fortelja at det er ein flott turveg i sentrum. Denne går via Stemneplassen til Skårhaug. På begge desse turmåla har han gøymt noko til dei fyrste som leitar godt.

Han håper både bygdefolk og feriegjester får seg ein fin påske i Uskedal, og oppmodar alle til å nytta både desse eller eit av dei andre fine turmåla i bygda.

Vi i LivOGLyst høyrer gjerne frå deg om du har funne eit egg. Send oss gjerne ei melding til 99129268, og gjerne med bilde.

Tekst, nett og foto: Kari Bråtun.